Om Fagerheim Fjellstugu - Fagerheim Fjellstugu

Om Fagerheim Fjellstugu

IMG_8263

Fagerheim fjellstugu ligg på Hardangervidda langs RV 7, 14 km frå Haugastøl. Nærmaste tettstad er Geilo på austssida og Eidfjord på vestsida.

Historien

Fagerheim fjellstugu vart bygd i 1936 av dåverande bestyrar på Krækkja Turisthytte. Han var også gardbrukar på Geilo, med sommarfjøs og stølsdrift på Fagerheim. Beiteretten har tilhøyrt Fagerheim sidan 1972. Under krigen vart Fagerheim teke over av tyskarane. Dei sette opp fleire bygningar på Fagerheim. I dag er det ingen stølsdrift på Fagerheim.

DSC00541

Interiør

Me ynskjer velkommen til vår heimekoselege fjellstove med nyoppussa soverom! Soveromma våre beheldt ein nostalgisk stil og alle romma er unike! I stova vår kan du sitja ved peisen og varma deg, lesa bok eller strikka på restegarnsteppa våre! Hovudhuset vårt har ei avdeling med resepsjon og kafè og går du lenger inn kjem du til matsalen vår der me serverar middag til overnattingsgjestar!

fagerheim_fjellstugu_rom8
fagerheim_fjellstugu_rom1
fagerheim_fjellstugu_rom5

Vertskap

Fjellstova vert drive av Anna Sveinungsdotter Bergo og Nina Carola Mutka.

vertinner

Hjarteleg velkommen til Fagerheim!