Transport og vegbeskriving - Fagerheim Fjellstugu

Transport og vegbeskriving

SLIK KJEM DU DEG TIL FAGERHEIM FJELLSTUGU

Fagerheim Fjellstugu ligg ved RV7 på Hardangervidda. Du kan køyra bil eller toget til Haugastøl. Om sommeren kan du komme hit med buss, eller tog og buss. Ta kontakt dersom du ynskjer hjelp med transport frå Haugstøl!

Kjøretider med bil til Fagerheim

  • Fra Geilo: 30 minutt
  • Fra Oslo: 4 timar
  • Fra Bergen: 3 timar og 30 minutt

Parkering på Fagerheim

Me har stor parkeringsplass der du kan parkera bilen din under dagsturen eller fleire dagar på tur! Parkering kostar kr 70,- pr døgn.