Aktivitetar

Fagerheim er eit sentralt og aktivt utgangspunkt for å utforska Hardangervidda
Opplev Hardangervidda

Turar på Hardangervidda

Hardangervidda har eit omfattande nett av merka turstiar både sommar og vinter. Fagerheim ligg midt i dette nettverket og er dermed et godt utgangspunkt med moglegheiter i alle himmelretningar. Aust mot Geilo, nord mot Finse, vest mot Kjeldebu og Dyranut, eller sør mot Heinseter, Stigstuv, Rauhelleren - eller vidare innover på Nord-Europas største høgfjellsplatå.
Turar omkring Fagerheim

Fiske

Bur du på Fagerheim, har du mogelegheit å fiska i Krækkjaungen med stong. Bu hjå oss og kos deg med fisketurar i nærområdet.
Bestill fiskekort

Utleige utstyr

Me har mykje solid turutstyr til utleige til turen din - både sommar og vinter. Start turen på Fagerheim og opplev høgfjellet i trygge rammer!
Utleigeutstyr

Rypejakt

Ta kontakt med Øvre Numedal Fjellstyre dersom du er interessert i rypejakt på Hardangervidda. Me på Fagerheim har diverre ingen kort for sal.
Les meir

Polartime

Vel møtt til ein time med polarhistorie i Nansenbua. Me syter for kveik i omnen, godt i glaset og smakebit av polarmat med oppskrift frå 1893. Vel møtt til eit populært dykk i livet til Fridtjof Nansen med lenkjer til i dag.
Send førespurnad

Ostesmaking

Me tilbyd «Ostesmaking med vertinna» - eit innblikk i stølskulturen og ystetradisjonane våre saman med eit utval ostar frå Ostebygda på fatet. Vertinna har tidlegare vore budeie på Gurostølen her i Hol kommune, og har gjennom budeielivet tileigna seg evig kunnskap om mjølkeforedling. Vel bekomme!
Send førespurnad
crossmenuarrow-uparrow-right linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram