Hardangervidda

Innhald

Historia

Fagerheim fjellstove vart bygd i 1936 av Lars Ødegård frå Geilo, dåverande bestyrar på Krækkja Turisthytte. Han var også gardbrukar på Geilo, med sommarfjøs og stølsdrift på Fagerheim. Beiteretten har tilhøyrt Fagerheim sidan 1972. Under krigen vart Fagerheim teken over av tyskarane. Dei sette opp fleire bygningar på Fagerheim. Men då fridommen kom, vart fjellstova utvida og utbetra av vertskapet.

Les meir om dei fyrste drivarane her: https://blomsetlie.no/Kven/

Hardangervidda

Hardangervidda dekkjer eit område på over 8000 kvadratkilometer. Vidda ligg i fire fylke og ti kommunar og er dermed den største nasjonalparken i fastlands-Norge. Som namnet antydar, inneheld Hardangervidda mykje langstrakt vidde. Går me nordover frå Nordmannslågen og Bjornesfjorden, er me i sjølve hjarta av vidda. Her møter du dei lange linjer over sletter, myr og tjørn, kor ingen bratte veggar eller kraftige profilar bryt horisonten. Det er ein ro over landskapet, eit opphav som elles er sjeldan i den norske fjellverda. For vadefuglar og ender er dette eit eldorado. Med litt tolmot vil du og kunna observera tallause artar fjellfuglar.

Variert natur

Hardangervidda byd på store område med andre naturtypar enn langstrakt vidde. Særleg i vest reiser fjella seg. Her finst talrike små vatn og mindre, steile nutar som reiser seg i Sandfloeggi og Nupseggi med Store Nupsfonn heilt i sør. På vestre Hardangervidda stig også Hårteigen til vers stupbratt over terrenget rundt. Toppen vert også kalla ”Vegvisaren i vest” og er nok det mest markante landskapstrekket på vidda med ein 300 meter høg hoggestabbeprofil. I klårvér kan den sjåast fra nær heile Hardangervidda, og har til alle tider vore eit fast orienteringspunkt for folk på veg over fjellet. Frå Fagerheim kan du greit nå desse toppane: Store Kjeldenut (1452 moh.), Blåfjell (1365 moh.) og Hardangerjøkulen (1839 moh).

Vatn i strie straumar

På vestre Hardangervidda får ikkje vatnet frå dei tallause store og små sjøane inne på vidda renna lenge i fred, før det bær utføre kanten i større og mindre fossefall og stryk, ned til Eidfjord, Sørfjorden og Røldalsområdet. Bjoreio med Vøringsfossen, Veig med Valurfossen og Kinso med si perlerad av småfossar er alle døme på korleis elvane oppfører seg vest på Hardangervidda.

Slik vart Noreg skapt

Nord for riksvei 7 endrar Hardangervidda både landskap og karakter. Her er Hardangerjøkulen det samlande punktet i landskapet. Den har flatt topp-parti og talrike brefall ned til alle sider. Dersom du på nært hald ynskjer å sjå korleis Noreg vart til etter istid, skal du ta deg ein tur rundt Jøkulen (sjå Turtips). Framom Blåisen vil du til dømes sjå ein praktfull endemorene, lagt opp av isen for kun ca. 250 år siden. Me hadde då nokre tiår med kaldare klima slik at alle breane i Sør-Noreg la på seg, gjekk fram og skauv grus og stein framføre framrykkjande bretunger. Liknande endemorener kan du sjå rundt alle de større breane i Sør-Noreg. 1750-morenen syner også hvor langsamt plantene erobra fjellet. Innanfor grusryggen er det framleis kun speidde førekomstar av dei tøffaste og mest framårstormande plantene, medan det utanfor er eit samanhengande vegetasjondekke, danna gjennom siste 7500 år.

Vér og vegetasjon

Hardangervidda ligg langt vest i Noreg og er prisgjeve vestavéret frå Atlanteren. Dette gjer at nedbøren er størst i vest og mindre mot aust. Det er noko av årsaka til at vegetasjonen er frodigere vestpå enn austpå. Fagerheim ligg like aust for vérskiljet. Svært ofte ser me skyfronten som ligg i vest, medan me nyt godvéret på austsida.

Mjuk skifer

Ein annan grunn til at vegetasjonen er frodigare vest på vidda, er at den mjuke skiferen stort sett førekjem i vest. Skifer forvitrar lettare og gjev eit meir mineralrikt næringsgrunnlag enn det sure grunnfjellet som dominerer på austre Hardangervidda. Dette er blant anna årsaka til at du og finner den mest artsrike floraen på vestvidda. Særleg er området frå øvre Veig og sørover mot Litlos og Torehytten ei oppleving for den som er interessert i botanikk, men kven som helst kan nyte blomeprakten! Ein typisk representant for skiferplantene på vidda er reinrose. Sammen med den finn du gjerne fjellfiol, fjellnøkleblomst, raudsildre, svarttopp, orkidear, myrtevier og rynkevier.

Lav i aust

På dei skrinnare slettene austover er blomsterfloret mindre, og laven vert langt meir dominerande. Den toler nesten kva som helst av kulde og vind, og finn seg difor ein friplass på snaublesne stader kor andre lyt gje opp. Særleg er ljos og grå reinlav vanlege, saman med gullskinn og jerveskjegg, alle god vintermat for reinen.

Største villreinstamma i Europa

Villreinen er framfor noko det dyret som pregar Hardangervidda. Me finn her den største villreinstamme i Europa. Reinen trekkjer over vidda, som han har gjort sidan han kom hit etter at istida tok slutt. Om våren trekkjer den vestover, kor kalvene vert fødde på vegen, om sommaren er han stort sett i ro, for så å trekkja austover når høsten kjem. Årsaka er klar: I vest finner han dei beste sommerbeita med mykje gras og urter, medan dei austlege, turrare stroka har meir lav og mindre snødekke, noko som gjer det lettare å finne vintermaten. Dette er eit generelt mønster, det er alltid noko rein som vert att i dei litt frodigare områda på austvidda. På vestre Hardangervidda skal du ikkje gå langt før du ser villrein om sommaren, særleg på varme dagar når reinen trekkjer inn på snøfennene for å kvitta seg med plagsame insekt.

Varierande bestand

Bestanden av villrein på Hardangervidda har svingt enormt opp gjennom tidene. I midten av 1960-åra og i byringa av 1980-åra var det over 25 000 villrein i dette fjellområdet på vinterstid. I 1971 var antalet sokke til 6 000, og i to år var villreinen freda for jakt. I 1991 var bestanden vokse til mellom 10-11 000 dyr, meda den i 1999 var på rundt 10 000. No er det kring 7 500 vinterbeitande dyr.

Villreinjakt

Villreinjakta på Hardangervidda samlar fleire tusen jegrar kvar høst. Både den direkte verdien i form av kjøt og det som fylgjer med på kjøpet, som hytteutleige, transport, sal av jaktkort og liknande, betyr mykje for bygdene omkrng Hardangervidda. Framtida for reinen på Hardangervidda er under press no med sjukdom. Me vonar også fremtidige generasjonar skal kunne glede seg over villreinen på vidda.

Dyr og fuglar

Hardangervidda har ein rik og variert bestand av dyr og fuglar. Med stort og smått finn me i dag om lag 100 forskjellige fugleartar og 21 forskjellige andre dyr i området. Den mest talrike gruppa er lemen, sjølv om det er store svingningar fra år til år. I lemenår vrimlar det av desse smågnagarane. Det er berekna at den faktiske vekta av lemen er ca ti gonger vekta av heile reinstamma! Når denne bestanden er på topp, vert det også fleire rovdyr, som røyskatt og rev. Fjellreven fanst tidlegare over heile Hardangervidda, men er no vorten svært sjeldan. I lemenår kan og fjellvåken sitt skarpe skrik høyrast fra mest kvar nut over heile vidda. Jordugla kan også vera ganske vanleg i slike år, men den gøymer seg helst i vierkratta langs elvane og unngår difor merksemda på heilt anna vis enn skrikhalsen fjellvåken.

Fugleliv

Dei flate myrområda med tallause større og mindre vatn på sentrale delar av Hardangervidda er svært artsrike biotopar for vadarar og ender. Myrsnipe, temmincksnipe, fjæreplytt, enkeltbekkasin, raudstilk og grønstilk er alle rugefuglar i dette området. Tranen kan du og møta her inne, men den er ikkje lett å få auga på. Den er faktisk ein meister i å gøyma seg vekk trass storleiken sin. Heiloen, ein vadefugl som har valt seg dei turre heiane som leveområde, er kanskje den vadaren dei fleste fotturistar får auga på. Den varslar tidleg med lange, melankolske fløytetonar at du er oppdaga. Bergand og toppand er båe vanlege her inne, men dei held seg nokså skjult langs breiddene i rugetida, og det er fyrst når borna er komne seg på vatnet, at du legg merke til dei. For øvrig er vierkratta heimstad for både sivspurv og blåstrupe. Men den vanlegaste fuglen i fjellet, heipipelerka, finn du stort sett overalt i litt turrare strok.

Villreinen lokka

Jakt på villreinen var den viktigaste grunnen for å stryka til fjells, og spor etter fangstgraver og ledegjerder fleire stader fortel litt om korleis jakta vert drive. Restar etter dyregraver og fangstanlegg av nyare dato fortel også sitt om at bygdefolket i seinare generasjonar visste å utnytta dei rike jaktmarkene inne på Hardangervidda. Eit godt døme er fangstanlegget frå vikingtida aust for Krækkja Turisthytte. På det smale eidet mellom Storekrækkja og Ørteren, ligg restar etter vardar og murar som endar i sjøen. Historia fortel at forfedrane våre spente liner med bjøller på mellom vardane. Når reinen trakk over eidet, skubba dei borti linene og vart skrømt på sjøen av bjøllene. I vatnet var reinsdyra eit lett bytte for fangstmenn i båter med spyd og piler.

Menneske i 8000 år

Nyare utgravingar syner at Hardangervidda faktisk har vore brukt av forfedrane våre omtrent så lenge som det har vore folk i dette landet. Det betyr at for over 8 000 år sidan budde det folk høgt til fjells, i alle fall store delar av sommaren. Sjølv om klimaet var mildare og skoggrensa gjekk vesentleg høgare enn i dag, har livet i fjellet neppe vore noko dans på roser. Vil du sjå korleis dei innretta seg, kan du ta turen til eit av steinalderfolka sine spiskammer oppe ved Sumstangen. 

Det er ein odde i Finnsbergvatnet, om lag en mil sør for Finse og ca ei mil frå Fagerheim. Som namnet antydar er Sumstangen staden kor reinen sumde for å koma over det langstrakte vatnet. Dette visste sjølvsagt steinalderjegrane på Hardangervidda om, og sytte for å byggja fangstgraver der reinen pleide å koma i land. Ruinar etter gravene, med ledeggjerde og hytte hvor jegrane kunne halda til, syner tydeleg korleis jakten gjekk føre seg. Arkeologar har gjennomsøkt tuftene etter buplassar og funne både eit stort antal flintavslag frå produksjonen av pilspissar og økser, og mange små skjerereiskapar til å skrapa sinn med. Funna tyder på at forfedra våre har nytta denne plassen gjennom lang tid.

Buene i fjellet

Har du augo opne når du er ute og går i fjellet, vil du snøgt leggja merke til spor etter menneske. Dei mest synlege teikna er dei gamle steinbuene som finst mest overalt på Hardangervidda. Fleire av dei er diverre delvis rasa saman, men forbløffande mange er haldne i god hevd og står som tause vidnesbyrd om menneskeleg virksomhet i fleire hundreår.
Det er nok helst jegrar og fiskarar som på dette viset har skaffa seg eit lite krypinn. Mange av buene har også vore i bruk som steinbuer, og tallause er dei budeiene som har haldt ut med sur bålrøyk medan dei rørte i ostegryta. Utmarka har alltid vore viktig for bygdene kring vidda, men i tidligare tider var ressursane i fjellet i endå større grad avgjerande for at det skulle vera mogeleg å bu i karrige fjellbygder.

Slep og varder

Ligg bua i tilknyting til ei av dei mange gamle slepene som kryssar Hardangervidda, er det nærliggjande å tru at også ferdafolk fant ly i steinbuene. Slepene er merke etter ferdsel gjennom tallause generasjonar, anten til fots eller med ride- og kløvhestar. Dei brukte vidda som snarveg mellom bygdene på aust- og vestsida. Om véret slo seg vrangt, kunne turen over vidda vera tøff, og da galdt det å auka tryggleiksmarginane. Eit godt døme på korleis dette vart gjort, kan ein studere i dalføret mellom Dragøyfjorden og Svartevatnet. Der finst det ei rekkje med kjempevardar som vart reist av Hol kommune i 1850. Dei markerer vintervegen mellom Haugastøl og Eidfjord. Når du beundrer desse vardane, skal du vita at vardebyggjaren fekk 15 dalar totalt for jobben. Omrekna til dagens mynt tilsvarar det 2 kroner pr. varde! Følg gjerne varderekkja vestover, den står like solid i dag som då den vart bygd.

Spor etter fedrift

Alle fedriftene som kryssa Hardangervidda, har også sett sine spor. Driftekarar fôr rundt i bygdene vinterstid og kjøpte opp dyr. Om sommaren førte dei buskapen til fjells, og lå der i lange sommermånader for at dyra skulle få feita seg opp på frodige fjellbeiter. Om hausten dreiv dei flokkane austover for å selja dei til kjøtsvoltne byfolk.

Byfolk på Hardangervidda

Det skulle dryga heilt til utpå 1800-tallet før vitskapsmenn og turistar tok seg til fjells. Blant dei som leda an, var botanikaren Christen Smith. Saman med ein kollega gjekk han i 1812 frå Argehovd ved Møsvatn, langs Kvenna til Litlos og vidare til Espe ved Sørfjorden. Det vart ikkje akkurat kø i fara etter desse folka. Sant å seia gjekk det fleire tiår før andre byfolk tok turen til fjells. Dei fyrste var helst målarar og andre kunstnarar, og deira skildringar av Hardangervidda bidrog gradvis til at fleire fylgde etter.

Turisme og aktivitetar

I dag er Hardangervidda eit svært populært rekreasjonsområde for turistar. Vidda er tilrettelagt for turisme gjennom godt merka turstigar sommarstid og kvista løyper vinterstid. Fjellstover og hytter tilbyd mat og overnatting. Du kan oppleva ei rekkje spanande ting i tillegg til å gå på tur eller gå på ski. Du kan vera med på brevandring, fiska eller jakta, du kan køyra hundespann eller driva med skisegling og kiting.

Jøkulen

Hardangerjøkulen ligg der som ei gedigen iskake og er med sine 1863 meter over havet eit av de høgaste punkta sør for Jotunheimen. Hardangerjøkulen er den 6. største isbreen i Noreg og nest største platåbre. Arealet på breen er dryge 70 kvadratkilometer, og fra kanten fell fleire korte brearmar ut til alle sider. Dei to største er Rembesdalsskåkji i vest og Middalsbreen i aust. På klåre dager er utsynet formidabelt. Dersom du ynskjer opp på toppen om sommaren, har du fleire mogelegheiter. Den lettaste og tryggaste turen går via Kongsnuten. Delar av vinteren er det kvista rundtur på breen frå Finse.

Flyplass på jøkulen

Under krigen freista tyskarane å byggja flyplass på Hardangerjøkulen. På Finse hadde dei bygningar for å testa drivstoff og flymotorar under kalde forhold, og hausten 1940 vart fleire hundre sekkjer sagflis frakta opp til toppen av jøkulen. Flisa vart så spreidd utover snøen og stampa inn med treklubbar for å få til ei fast overflate. Diverre, for tyskarane, havarerte det fyrste flyet i ein skjult bresprekk då det skulle ta av. Dermed vart det brått slutt på planane om flyplass.

Adkomst til jøkulen

Sommar: Frå Nordre Kongsnuten, på bru over Styggelvane og så oppover morenevollar i retning Blåisen.

Vinter: Hardangerjøkulen er ein isbre, med alt som det fører med seg av spenning og farar. Sjølv på topplatået kan det dukka opp sprekker, særskilt hvis det har vore en snøfattig vinter. Tau er difor obligatorisk på breen vinterstid dersom ein ferdast utanfor dei kvista løypene. Frå Finse går det løype fra foten av Midddalen og vidare til Røde Kors-hytta. Derfrå mot Ramnabergbreen og tilbake til Finse.

Nasjonalparken

Hardangervidda Nasjonalpark vart oppretta i 1981. Den er på heile 3422 kvadratkilometer og henger saman med landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell. Totalt er verneområda 4272 kvadratkilometer, noko som er større enn gamle Østfold fylke. Privat eigedom utgjer 70% av arealet, medan 30% er statsalmenning.
crossmenuarrow-up linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram