«Kor aust møter vest»
Hardanger har solide mattradisjonar. Ikkje berre på frukt og bær, men i dei seinare åra også på grønsaker, småskala kjøttproduksjon, lokale is- og sjokoladeprodusentar - og sjølvsagt sideren. Videreforedla frukt og bær er etterkvart vorte storindustri langsmed fjorden. Kreative, nytenkjande, heimflytta unge bønder som leverer drikkevarer i verdsklasse. Desse dråpane tek me sjølvsagt med oss til fjells.
Hallingdal er også ein matrik region med ei rekkje solide småskalaprodusentar me gler oss til å verta betre kjent med. Særleg vert viltkjøt, sau og lammekjøtt, fjellfisk og mjølkeprodukt viktige for oss. Men også her har marknadshagar og småskalaprodusentar på grønsaker, urter, egg og bær dukka opp dei seinare åra. Me gler oss til å handla med dei små!
Heimelaga tradisjons- og takkebakst frå både Hallingdal og Hardanger er viktige element i matprofilen vår. Kristin elskar takka si!
Osten har heidersplass på Fagerheim. Ost og fjell har alltid høyrt saman. Dei gromme budeiene på stølen har gjeve oss både smør, rjome og ulike ostar i uminnelige tider. Dette er stasprodukt laga med kjærleik til dyra og fjellet - og som me er så heldige å ha uvurderleg tilgang på her i Hol. Ostebygda med sine 8 produsentar leverer både gards- og stølsprodukt heile året. Det forpliktar å ha slike grannar, og med kjærleik til det franske kjøkenet, vert denne symbiosen total. Fransk alpemat med norske ostar, et voilà!
Fisken er også sentral hjå oss. Me har gode hjelparar som set garn om sumaren og fyller fryseboksen til randen gjennom hausten. På sikt er målet å både røykja, grava og raka fjellauren sjølv.
Vidda bugnar av bær om hausten. Me gler oss til å driva matauk på tampen av sesongen, pitla blåbær, tyttebær, krekling, brakje og molter - som du får på vaflene året etter!
Har du allergiar eller andre restriksjonar kva gjeld mat, er det naudsynt for oss å få beskjed om dette ved booking. Kokken gjer så godt hen kan for å imøtekoma allergiar og sjukdomar.
Måltidet og matopplevinga er viktig for oss. Kvar kveld samlar me våre buande gjester til dagens 3-rettar kl 1900. Dersom du kun ynskjer kveldens hovudrett er det mogeleg å tinga det til kl 1930.